Program barneidrett vinter
- Detaljer
- Publisert onsdag, 01. februar 2012 19:51
Program.

VINTERPROGRAM FOR BARNEIDRETTEN
Endeleg kom snøen, og det er tid for ulike skiaktivitetar! Her er programmet for barneidretten i vinter. Alle ungar er hjarteleg velkomne til å vera med, einaste kravet er at ein må vera medlem i Hafslo idrettslag.
Programmet for vinteren vert også lagt ut på heimesida til HIL, og der vert det også lagt inn evt endringar i programmet.
Det vert skicup på Heggmyrane onsdagar som tidlegare. Onsdagar i oddetalsveker har langrennsgruppa tidtaking og skileik, og onsdagar i partalsveker vert det instruksjon i alpint for dei som ynskjer det. Det er ikkje krav om at ungane har alpintski, kan bruke langrennski.
Instruksjon i alpint vert i barnetrekket. Ein har delt i to grupper, ei gruppe for dei med liten/ingen erfaring, og ei gruppe for dei som har køyrt litt alpint. NB! Det er ikkje anledning til fri køyring i barnetrekket desse kveldane, trekket er kun opent for dei som ynskjer instruksjon i alpint.
Dei som kun vil gå ein runde eller fleire i langrennsløypa kan sjølvsagt gjera det. Tilbodet om tidtaking, skileik og alpint er eit ekstra tilbod for dei som ynskjer meir organiserte aktivitetar.
Det vert registrering kvar onsdag kl 17.30-18.15, ein registrerer seg uansett om ein går langrenn, er med på alpint eller går på tid. Alle som har registrert seg minst 4 onsdagar i løpet av vinteren får ein premie. Registreringa skjer ved rennkontoret. NB! Det er eiga påmelding for dei som vil gå på tid dei dagane det er tidtaking.
Sjå etter nokon med gule vestar ved rennkontoret, dei viser kvar dei ulike aktivitetane er.
Nokre måndagar vert det tilbod for alle om hopping i Kvam. Ein treng ikkje hoppski for å vera med på hopp, kan bruke langrennsski eller alpintski, og dei som ynskjer det kan sikkert få låne hoppski av hoppgruppa.
Det vert også tre Telenorkarusellar i løpet av vinteren. Til desse kveldane er det eigen registrering og premiering.
Barneidretten er dugnadsbasert, og me treng tilbakemelding frå foreldre som kan tenkje seg å vera medhjelparar i alle aktivitetar. Det er alltid behov for nokon som kan hjelpe til, det kan t.d. vera som medhjelpar på tidtaking, vakt ved barnetrekket når det er i bruk, medhjelpar i symjebassenget, hjelp ved sosiale arrangement osv. Fint om de kryssar av på vedlagt lapp om kva de evt kan tenkje dykk å bidra med J Lappen kan leverast på skulen/i barnehagen innan 20.januar.

VINTERPROGRAM IDRETTSSKULEN 2011
|
Måndag |
Onsdag |
Torsdag |
|
|
4.jan: Skicup. Registrering 17.30-18.15 |
5.jan: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgruppa) |
|
|
11.jan: Skicup. Kl 17.30-18.15:Alpint for nybyrjarar/ lite erfaring. Fint om foreldre er med! Kl 18.15-19.00: Alpint for dei med noko erfaring. Fint om foreldre er med! |
12.jan: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
|
18.jan: Telenorkarusell kl 17.30. Oppmøte rennkontor.
|
19.jan: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr)
|
|
|
25.jan: Skicup Kl 17.30-18.15:Alpint for nybyrjarar/ lite erfaring. Fint om foreldre er med! Kl 18.15-19.00: Alpint for dei med noko erfaring. Fint om foreldre er med! |
26.jan: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
|
1.feb: Telenorkarusell kl 17.30. Oppmøte rennkontor. |
2.feb: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
Måndag 6.feb: Hopp i Kvamsbakkane kl 18.00 |
8.feb: Kl 17.30-18.15:Alpint for nybyrjarar/ lite erfaring. Fint om foreldre er med! Kl 18.15-19.00: Alpint for dei med noko erfaring. Fint om foreldre er med! |
9.feb: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
|
15.feb: Skicup. Registrering 17.30-18.15. Skileik/tidtaking. |
16.feb: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
Måndag 20.feb: Hopp i Kvamsbakkane kl 18.00 |
22.feb: Skicup. Kl 17.30-18.15:Alpint for nybyrjarar/ lite erfaring. Fint om foreldre er med! Kl 18.15-19.00: Alpint for dei med noko erfaring. Fint om foreldre er med! |
23.feb: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
Måndag 27.feb: Hopp i Kvamsbakkane kl 18 |
29.feb: Telenorkarusell kl 17.30. Oppmøte rennkontor. |
1.mars: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
|
7.mars: Skicup Kl 17.30-18.15:Alpint for nybyrjarar/ lite erfaring. Fint om foreldre er med! Kl 18.15-19.00: Alpint for dei med noko erfaring. Fint om foreldre er med! |
8.mars: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
|
14.mars: Skicup. Registrering kl 17.30-18.15. Skileik/tidtaking. |
15.mars: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
|
21.mars: Skicup. Kl 17.30-18.15:Alpint for nybyrjarar/ lite erfaring. Fint om foreldre er med! Kl 18.15-19.00: Alpint for dei med noko erfaring. Fint om foreldre er med! |
22.mars: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
|
Måndag 26.mars: Skitur til skihytta. Oppmøte Krossen kl 17.30. Ha med hovudlykt/lommelykt. |
28.mars: Skicup. Registrering kl 17.30-18.15. Skileik/tidtaking |
29.mars: Kl 17.30-19.00: Ballaktivitetar i gymsal kull 2002 og yngre (fotballgr) |
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Namn:
Me kan vera medhjelparar på: (kryss av)
|
Skiaktivitetar (tidtaking, vakt i barnetrekket onsdagar) |
|
|
Basseng/gymsal |
|
|
Sosialkveldar |
|