Sportsplan Mars 2012
- Detaljer
- Publisert lørdag, 01. oktober 2011 13:48
SPORTSPLAN
HAFSLO IL FOTBALL
2009-2013
Innhald
INNLEIING 3
MÅLSETJINGAR 4
Seniorfotball 4
Barne- og ungdomsfotball 5
Jentefotball 6
FOTBALLGRUPPA - Hafslo IL 7
INSTRUKSAR 8
Leiar fotballgruppa 8
Sportsleg leiar senior 8
Sportsleg leiar aldersfastlagd 9
Keeperutviklar 9
Trenar- og spelarutviklar 10
DIFFERENSIERING OG HOSPITERING 11
LAGSINNDELING 12
TRENARREKRUTTERING OG TRENARUTVIKLING
TURNERINGARRINGAR
FERDIGHETSMERKET 13
FOTBALL SKAL SPELAST 13
BARNEFOTBALL (6-12 ÅR) 15
Aldersgruppa 7 – 10 år
Aldersgruppa 11 - 12 år
UNGDOMSFOTBALLEN 13-16ÅR 18
Aldersgruppa 13 - 14 år
Aldersgruppa 15 - 16 år
Innleiing
Sportsplanen er utarbeida av styret i Hafslo IL Fotball, har vore på høyring i foreldre- og trenargruppa. Formålet er å skaffe retningslinjer for den sportslege aktiviteten i klubben, og med det utvikle både klubb og spelarar i ein positiv retning.
Sportsplanen skal vere retningsgjevande for alle trenarar som trenar lag i dei aldersfastlagde klassane i frå 6-16 år. Planen skal fungere som eit verktøy for å kvalitetssikre all aktivitet i klubben. Den skal bevisstgjere trenarar på kva arbeidsoppgåver dei har teke på seg, og kva klubben krev dei skal bidra med.
Sportsplanen skal danne grunnlag for korleis utviklingsarbeidet skal bli best mogleg i Hafslo IL Fotball.
Sportsplanen vil kunne gje informasjon til klubbmedlemar om kva aktivitetar vi ynskjer å legge opp til, og korleis vi vil drive klubben vår. Trenarar og lagleiarar skal nytte planen som eit arbeidsreiskap og danne grunnlag for meir langsiktig planlegging.
All aktivitet i Hafslo IL Fotball skal baserast på FAIR PLAY. Dette skal trenarar, leiarar og spelarar vise i haldning og oppførsel både før, under og etter kamp og trening, slik det kjem fram i NFF sine retningslinjer.
Revidert:
Hafslo 12.03.12
Målsetjingar for Hafslo IL Fotball 2009 - 2013
I Hafslo IL Fotball er utviklinga av enkeltspelarar uansett ferdigheitsnivå overordna alt anna. Hafslo IL Fotball er ikkje på noko nivå i aldersfastlagd fotball oppteken av resultat i enkeltkampar eller seriespel. Det einaste laget med definerte resultatmål skal vera a-laga. På alle andre lag er resultat i enkeltkampar og i seriespel underordna. Hafslo IL Fotball skal levere eit godt fotballtilbod til alle uavhengig av ambisjons- og ferdigheitsnivå.
Senior herrar
Sportslege mål :
Langsiktig:
- Spele i 5.divisjon i 2013.
- Utvikle talentfulle enkeltspelarar til eit høgast mogleg nivå.
- Gje alle som vil spele seniorfotball eit godt sportsleg tilbod.
- 50 % av a-stallen skal komme frå Luster kommune, og aller helst frå Hafslo.
Kortsiktig(2012):
- Få i gang senior lag herrer
- Utvikle enkeltspelarar best mulig.
- Forsterke treningskulturen, bl a gjennom å auke treningsmengdene.
- Stille med lag på KM senior innandørs 2012 og i 2013
Korleis nå måla:
- Innføre sportsplan i barne og ungdomsfotballen, for å skape eit betre fotballtilbod i den aldersfastlagde fotballen i klubben, og igjen skape fleire gode fotballspelar som kan ta steget opp på A-laget.
- Engasjere, og på sikt også tilsetje spelar- og trenarutviklar i klubben.
- Auke trenarkompetansen på alle lag i klubben
- Auke treningsmengda og utvikle ein treningskultur i klubben, som sikrar både kvalitet og eit godt treningsmiljø.
- Kontraktsfeste spelarane i a-stallen.
Senior kvinner
Sportslege mål :
Langsiktig:- Stille 11’er-lag i 2013.
- Utvikle talentfulle enkeltspelarar til eit høgast mogleg nivå.
- Gje alle som vil spele seniorfotball eit godt sportsleg tilbod.
- 50 % av a-stallen skal komme frå Luster kommune, og aller helst frå Hafslo.
Kortsiktig(2012):
- Stille lag i ordinært seriespel evt. turneringar.
- Inneha ein sosial profil der aktiviteten i seg sjølv er overordna sportsleg utvikling.
- Stille med lag i KM.
Korleis nå måla:
- Det same som for herrelaget, bortsett frå punktet som vedkjem kontraktar. I oppstartsfasen (2009) er det å etablere eit lag og ei treningsgruppe det viktigaste.
Barne og ungdomsfotballen
Sportslege mål :
Langsiktig:
- Aktivisere flest mogeleg lengst mogeleg.
- Gje alle som vil eit godt fotballtilbod.
- Ha lag i alle klassar.
- Klubben skal vere representert med spelarar på alle sonelag, og .
være representert på kretslag annakvart år
Kortsiktig(2012):
- Implementere sportsplanen i alle ledd i barne- og ungdomsfotballen.
- Stille lag i alle klassar.
- Auke kompetansen til alle trenarane i klubben.
Korleis nå måla:
- Innføre sportsplanen i klubben.
- Tilsetje ein spelar- og trenarutviklar i barne og ungdomsfotballen på sikt.
Jentefotball
Sportslege mål :
Langsiktig:
- Skape lik status i klubben mellom jente og gutefotballen.
- Stille med jentelag i alle klassar.
- Etablere eit damelag i klubben.
Kortsiktig(2012):
- Stille med reine minijentelag.
- Stille lag i alle klassar – inkludert damelag.
- Gje alle jenter som vil spele fotball eit tilbod.
Korleis nå måla:
- Starte med reine minijentelag i frå dei yngste årsklassane.
- Arrangere eigne rekrutteringstiltak for jenter: Fotballskular for jenter,
- Ha godt kvalifiserte trenarar på jentelaga.
Fotballgruppa– Hafslo IL
Fotballgruppa skal ha det overordna ansvaret for all sportsleg aktiviteten i klubben.
Fotballgruppa har denne organiseringa :

![]()
![]()

![]()
Oppgåver :
- Utarbeide, godkjenne og vedta klubben sin sportsplan.
- Vere klubben sitt overordna forum for sportsleg utvikling.
- Skaffe trenarar til alle laga i klubben.
INSTRUKSAR
Leiar fotballgruppa– Hafslo IL
Gjennom å leie fotballgruppa i Hafslo IL, skal leiaren ha det overordna ansvaret for all den sportslege aktiviteten i klubben.
Arbeidsoppgåver vil vere blant anna :
- Kalle inn til møter og setje dagsorden.
- Bringe opp saker frå dei ulike representantane i utvalet.
- Halde styret jamnleg orientert om den sportslege situasjonen i klubben.
Sportsleg leiar senior – Hafslo IL Fotball
Sportsleg leiar senior skal ha det overordna sportslege ansvaret for klubben sine seniorlag.
Arbeidsoppgåver vil vere blant anna :
- Sjå til at klubben sin sportsplan og målsetjingar vert lagt til grunn i all aktivitet.
- Følgje seniorlaga sine aktivitetar tett.
- Ha hovudansvaret ved tilsetjing av trenarar/leiarar for laga, og å inngå skriftlege avtalar med desse.
- Halde sportsleg utval orienterte om både sportslege og utanomsportslege saker vedrørande dei ulike laga.
- Ha hovudansvaret for at alle spelarar i A-stallen har kontrakt med klubben.
- Leggje fram forslag til budsjett for seniorfotballen.
Sportsleg leiar aldersfastlagd fotball
Sportsleg leiar aldersfastlagd fotball skal ha det overordna sportsleg ansvaret for klubben sine aldersfastlagde lag.
Arbeidsoppgåver vil vere blant anna :
- I samarbeid med fotballstyret ha hovudansvaret for å skaffe og tilsetje trenarar/leiarar i barne og ungdomsfotballen.
- Syte for at alle trenarane i barne- og ungdomsfotballen har politiattest.
- Halde sportsleg utval orienterte om både sportslege og utanomsportslege saker som vedkjem laga.
- Leggje fram forslag til budsjett for aldersfastlagd fotball.
Langsiktige mål:
Keeperutviklar
Keeperutviklarane si hovudoppgåve er å sikre at unge spelarar som vil utvikle seg som keeperar, får eit tilrettelagt tilbod med tanke på utvikling og framtidig rekruttering til våre seniorlag.
Arbeidsoppgåver vil vere blant anna :
- Plukke ut og leie ei keepergruppe 1-2 gangar i veka.
- Sørge for å påverke lagstrenarane til å legge betre til rette for keeperar på fellestreningane.
- Bidra og legge til rette for skulering av keeperrolla blant trenarane i klubben.
- Ha kontakt med Terje Skjeldestad Keeperskule.
- Delta på keepertiltak i regi av SFFK.
- Legge til rette for at keeperane i klubben får tilbod om keeperskular.
Trenar- og spelarutviklar
TSU er den som i praksis er sportsleg utval sin forlenga arm ut i klubbkvardagen, og skal ha som hovudoppgåve å sikra at dei sportslege aktivitetane i klubben skjer ut ifrå dei retningslinjene som er lagt i denne planen.
Arbeidsoppgåver vil vere blant anna :
- Oppfølging, gjennomføring og revidering av sportsplanen (skal godkjennast i sportsleg utval)
- Vere klubben sin fagleg ansvarlege for utvikling av formell og uformell trenarkompetanse.
- Bidra til at trenarkorpset i klubben kjenner seg fagleg ivaretekne og får tilfredsstillande oppføljing.
- Følgje opp alle trenarar og lag gjennom å delta på enkelttreningar.
- Arrangere 3-4 årlege trenarforum i klubben og fungere som leiar for dette.
- Sørge for at alle nye trenarar får ei grundig innføring i sportsplanen.
- Ha ansvar for alle uttak av spelarar til spelarutviklingsgrupper, elitegrupper, fotballskular, sone- og kretslagsaktivitet. Alle uttak skal godkjennast i sportsleg utval.
- Ha ansvar for all hospitering og oppflytting av spelarar i klubben. TSU kan overstyre alle lagstrenarar når det gjeld kven, når, kor lenge og på kva nivå enkeltspelarar skal trene og spele kampar.
- Vere medlem i klubben sitt sportslege utval.
- Sørge for å følge opp alle sone- og kretslagsspelarar og legge forholda best mulig til rette for utvikling av desse spelarane.
- Ha medansvar for at treningstidene imøtekjem spelarane sine behov for aktivitet og utvikling ift hospitering og heilårsaktivitet.
- Vere klubben sin kontaktperson inn mot SFFK si fagavdeling for spelar- og klubbutvikling.
DIFFERENSIERING OG HOSPITERING
Kva er differensiering?
Det å gje eit differensiert fotballtilbod inneber at samtlege spelarar skal få eit tilbod som står i samsvar til den enkelte si interesse, motivasjon, ferdigheiter og behov for meistring. I Hafslo IL skal alle oppleve å få eit tilfredsstillande tilbod – uansett behov, ynskje og motivasjon – fordi Hafslo IL ynskjer å utvikle flest mogeleg gode fotballspelarar. Ut frå forskning og erfaring frå andre klubbar veit vi at eit godt differensierinsarbeid fører til betre fotballspelarar og mindre fråfall. Dette vil i praksis seie at:
· I Hafslo IL skal alle få trene og spele fotball så mykje og så ofte dei sjølve vil. Dei som vil trene ein gong i veka i sommarhalvåret er like viktige og like verdifulle for klubben som dei som vil trene kvar dag året rundt.
· Hafslo IL skal gje eit heilårs fotballtilbod.
· Hafslo IL behandlar spelarane sine ulikt ut frå den enkelte sine ynskjer, behov og ferdigheiter.
I differensieringsarbeidet nyttar Hafslo IL ulike verkemiddel: Ulik treningsmengde, ulik aktivitetsmengde i ulike sesongar, differensiering på enkelttreningar, eigentreningar, utviklingsmål og hospitering i trening og kamp.
Kva er hospitering ?
Det grunnleggjande ved hospitering er at ein gjev spelarar som har ferdigheiter, tid og motivasjon eit utvida tilbod om trening og kamp på eit høgare ferdigheitsnivå enn det dei kan få gjennom sitt ordinære lagsmiljø.
I praksis betyr dette at spelarar trenar og/eller spelar kampar med eldre og betre spelarar. Spelarane vil då oppleve at alt foregår i eit høgare tempo, og at det blir stilt høgare krav til handling og handlingsvalg. Derfor er dei treningane som inneheld mest mulig fotballspel frå 3 mot 3 til 11 mot 11, dei viktigaste å delta på for spelarar som hospiterer.
Kriterie for hospitering i Hafslo IL.
- Spelaren må over tid ha vist gode treningshaldningar ved at dei har bortimot 100% frammøte på eige lag.
- Hospitering skal først og fremst gjevast som eit tilbod til spelarar som held eit relativt høgt ferdigheitsnivå, viser stor interesse for fotball og som er svært trenings- og lærevillige. I tilfelle der desse kriteria ikkje er oppfylt bør ein heller ikkje starte med hospitering.
- Spelarar som er uttekne til krets- og sonelag, skal alltid få tilbod om hospitering. Andre spelarar som stettar kriteriane over, kan og få tilbodet.
Slik gjennomfører vi hospitering i Hafslo IL:
- Hospiteringa skal i utgangspunktet vere eit supplement til trening/kamp med eige lag.
- 1-2 hospiteringsøkter for kortare eller lengre periodar.
- TSU har myndighet til å vurdere kvart enkelt tilfelle, og å tilpasse hospiteringa deretter.
- Ingen spelarar skal gjennomsnittleg spele meir enn 1,5 kamp i veka.
- TSU avgjer kva spelarar som skal få tilbod om hospitering, og korleis hospiteringa skal gjennomførast for kvar enkelt spelar.
Lagsinndeling
· Hafslo IL deler inn laga sine etter årskull, og ein melder på lag etter følgjande nøkkel:
- 15 spelarar for eit 11’er lag.
- 10 spelarar for eit 7’er lag.
- 7 spelarar for eit 5’er lag.
· Hafslo IL Fotball nyttar ikkje overårige spelarar på laga sine før alle andre mogelegheiter er utprøvd (rekruttere inn nye spelarar, flytte opp yngre spelarar, bruke jenter på gutelag etc)
· Sportsleg utval har det overordna ansvaret for inndeling og påmelding av lag.
Trenarrekruttering og trenarutvikling
Trenarar i Hafslo IL Fotball skal rekrutterast frå følgjande målgrupper:
· Foreldre
· A-lagsspelarar.
· Tidlegare spelarar.
· Skulelevar frå 16-19 år (Luster VGS, lokale elevar på Idrettslinja i Sogndal)
Rekruttering og utvikling av unge trenarar skal skje på følgjande arenaer:
· Fotballskular som td. TINE Fotballskule.
· Miniputtlag.
· Eigne turneringar som td. Bygdecupane.
· FotballFritidsOrdning/HafsloAkademi.
Trenarar i Hafslo IL Fotball skal inneha følgjande formell kompetanse:
· 6-12 år: Aktivitetsleiarkurset (Del 1 av trenar 1-kurset)
· 13-14 år: Trenar 1
· 15-16 år: Trenar 2
· A-laga: Trenar 2.
Innehar dei ikkje denne kompetansen skal dei gå inn på eit utdanningsløp som medfører at kompetansekrav vert tilfredsstilt innan rimeleg tidsrom.
I tillegg skal uformell kompetanse og realkompetanse utviklast gjennom følgjande tiltak:
* Kontinuerleg oppfølgjing av TSU.
* Interne trenarforum.
* Deltaking på tiltak i regi av SFFK.
Deltaking i turneringar.
Det å delta i turneringar er viktige verkemiddel både for å fremje sportsleg utvikling og å styrkje fellesskapet gjennom gode fellesopplevingar. Det er svært god spelarutvikling å måle seg mot lag ein ikkje møter i kvardagen.
Deltaking i turneringar er også meint å vere eit verkemiddel for å rekruttere fleire spelarar inn i fotballaktiviteten på Hafslo.
Hafslo IL Fotball ynskjer ei systematisk rulleringsordning på turneringsdeltakingane, slik at ein har ein fornuftig progresjon som sikrar alle lag turneringsdeltaking og at ein kvart år har noko å sjå fram til. Progresjonen på turneringsoppsettet er rettleiande.
Derfor reiser lag frå Hafslo IL Fotball på turneringar etter denne malen:
· 6-10 år: SFFK sine miniputturneringar og evt. andre lokale turneringar i Indre Sogn.
· 10-12 år: SFFK sine turneringar og elles turneringar innanfor fylkesgrensene.
· 13-14 år: KM innandørs, turneringar innanfor fylket og elles mindre turneringar i andre delar av landet.
· 15-16 år: KM innandørs og elles større turneringar innanlands og utanlands som td. Norway Cup, Dana Cup, Gothia Cup e.l
All turneringsdeltaking skal under alle omstende avklarast med styret så tidleg som råd og det må påreknast ekstra dugnadsarbeid for å finansiere turneringsdeltakinga. For å få tildelt dugnadsarbeid skal fotballaget sende inn søknad med budsjett over utgifter. Eigenandelen skal ikkje vere større enn kr. 500,-. Hovudstyret må fylgje sportsplanen når dei skal behandle søknaden.
Sesongen 2012 vel fotballgruppa å prioritere å reise på ei stor fellesturnering for kulla 1998 – 2003.
Dette kjem i tillegg til lokale miniputturneringar og Lerumcup.
Ferdigheitsmerket
Hafslo IL Fotball skal vere blant dei beste klubbane i fylket når det gjeld å ta NFF sine ferdigheitsmerker:
· Alle spelarar 6-12 år skal minst ha Minimerket 2.
· Alle spelarar 13-14 år skal minst ha Rødt teknikkmerke.
· Alle spelarar 15-16 år skal minst ha Teknikkmerket i Bronse.
TSU har ansvar for å implementere øvingane på laga og å gjennomføre merkeprøvingsdagar. Lagstrenarane har ansvar for å gjennomføre øvingane på lagstreningane og å oppmuntre spelarane til å øve på eigenhånd.
Les meir om NFF sine merkeprøvar på: http://www.fotball.no/t2.aspx?p=56513&cat=51833
”Fotball skal spelast”
Prinsippet om at ”Fotball skal spelast” skal gjennomsyra all trening- og kampaktivitet i Hafslo IL Fotball frå dei yngste til dei eldste laga – frå 5’er og opp til 11’er-spelet. Bakgrunnen for dette er at Hafslo IL Fotball har trua på at aktivitet tufta på dette prinsippet aukar antal handlingsvalg og fremjer ferdigheitsutvikling, fysisk kapasitet og fotballforståing på ein god måte. Prinsippet om ”Fotball skal spelast” inneber bl a følgjande:
· Ved målspark skal alle spelarar i Hafslo IL Fotball innta posisjonar som set keeper i stand til å setje spelet i gang på ein sikker og effektiv måte som gjer at Hafslo IL Fotball beheld ballen i laget og kan oppnå overtal og gjennombrudd.
· Ved målspark i 5’er og 7’er kampar skal ballen ikkje sparkast over midtbanestreken.
· Keeperane i Hafslo IL Fotball tek målsparka sine sjølv. Dette fordi vi ynskjer å ha alle utespelarane tilgjengelege som spelepunkt for keeper.
· Lag og spelarar frå Hafslo IL Fotball skal inneha ferdigheiter og kunnskapar som set dei i stand til å spele seg fri bakfrå og dermed oppnå overtal og gjennombrudd.
· Lag og spelarar frå Hafslo IL Fotball skal vere i stand til å oppfatte, gjenkjenne, skape og utnytte ulike rom på bana slik at ein kan oppnå overtal og gjennombrudd.
· Når motstandar sin keeper ikkje maktar å få sett i gang spelet på ein god måte, er det Fair Play å senke eige lag ned i bana slik at motstandar får sett i gang spelet. Opp tom. 14-årsklassa skal ingen lag frå Hafslo IL Fotball stå høgt for å låse av pasningsalternativa til motstandaren sin keeper, spesielt ikkje når det er openbart at igangsetjinga er eit problem for motstandarlaget.
Alle trenarane i Hafslo IL Fotball skal i all trening og kamp leggja til rette og oppmuntra til at ”Fotball skal spelast”, og både forstår og aksepterer at prinsippet har følgjande konsekvensar:
· I ein innlæringsfase vil prinsippet medføra at ein taper kampar.
· Trenarane er forplikta til å vera tolmodig med utviklinga av spelarane og skal tillata feil og tap utan at dette fører til brudd med prinsippet.
BARNEFOTBALL (6 – 12 ÅR)
Overordna mål for barnefotballen
Hafslo IL Fotball si målsetjing med barnefotballen er å gje alle som ynskjer det eit så godt fotballtilbod, slik at spelarane opplever trivsel, glede og meistring både i trening og kamp, og gjennom positive opplevingar vert motivert for å halde fram med fotball i eit lengre perspektiv.
Gjennom deltakinga i Hafslo IL Fotball skal spelarane utvikle individuelle og sosiale ferdigheter.
Overordna retningslinjer :
Hafslo IL Fotball skal følgje NFF sine retningslinjer for barnefotballen: http://www.fotball.no/t2.aspx?p=21911
NFF`s barnefotballbrosjyre : http://www.fotball.no/files/%7b9E5BDFCB-4FC1-47CB-B4B0-5E4313476C79%7d.pdf
Alle våre lag skal leiast av ein hovudtrenar, ein medtrenar og ein lagleiar.
I arbeidet med barnefotballen må trenarane spesielt merke seg følgjande moment i NFF sine retningslinjer:
- Alle spelarane skal spele mykje. Topping av lag skal ikkje forekomme. Hafslo IL Fotball har eit mål om at alle kampar i barnefotballen skal pregast av jevnbyrdighet.
- Ein skal skape interesse for spelet og lagmiljøet.
- Ein skal skape gode opplevingar for spelarane.
- Alle bør få spele i ulike posisjonar på bana.
Krav til trenarane i barnefotballen:
- Alle trenarane i barnefotballen skal minimum ha gjennomført NFF sitt aktivitetsleiarkurs.
- Trenarane i barnefotballen må setje seg godt inn i klubben sin sportsplan, og rette seg etter denne.
- Trenarane skal delta på trenarforum/samlingar og andre interne kurs i klubben.
- Trenarane skal bidra til at det blir skapt positive haldningar overfor med- og motspelarar, dommarar, trenarar og lagleiarar. Hafslo IL Fotball sine trenarar og spelarar skal alltid takke dommar, motstandar sine spelarar og trenarar etter kamp.
Aldersgruppa 6 – 10 år
I denne aldersgruppa er 5’er fotball hovudaktivitet både i trening og kamp.
Generelle føringar:
Målsetjing: Primært sosialt og leikprega. Lære spelet, grunnleggjande reglar og basisferdigheter.
Sesong: Heile året.
Treningar: I utgangspunktet 1-3 økter a 90 minutt per veke. Ynskjer spelarane å trene
oftare skal klubben leggje til rette for det.
Kampar: Alle Hafslo IL Fotball sine lag skal delta på alle fire miniputturneringane i regi av SFFK. I tillegg kan ein også delta på turneringar i Luster, Sogndal og Leikanger. Turneringar utanom dette må søkjast om til styret.
Treningsmodell for 6 – 10 år
Tid: ca. 90 minutt.
1. ”Sjef over ballen”
Enkle individuelle øvingar med ball (føring, vending, finter, ballkontroll) Varigheit: 10-15 minutt.
2. ”Spele saman med”-aktivitetar
Ferdigheitstrening knytta til pasning, mottak, finter,
Varigheit: 15 minutt.
”Spele mot”-aktivitetar
Smålagsspel - frå 1:1 til 5:5.
Overtalsspel med avslutningar.
Speløvingar kan gjerne brytast av med tekniske øvingar.
Varigheit: 60 minutt.
- Alle i aldersgruppa skal gjennomgå ferdighetsøvingar knytt til Minimerke 1 og 2: http://www.fotball.no/sogn_fjordane/t2.asp?p=71707
Aldersgruppa 11 - 12 år
Speleforma i kamp går no over til 7'ar fotball.
Generelle føringar:
Målsetjing: Utvikle spelarane sine individuelle ferdigheiter best mogeleg.
Sesong: Heile året.
Treningar: I utgangspunktet 2-4 økter a 90 minutt per veke pluss kamp. Ynskjer spelarane
å trene oftare skal klubben leggje til rette for det. Spelarane skal oppfordrast til å drive medviten eigentrening i tillegg til fellestreningane.
Kampar: Deltek i ordinært seriespel. Alle spelar tilnærma like mykje. Gjerne rullering.
Skal også delta på lokale cupar. Cupar/turneringar utover dette må søkast
styret.
Haldepunkt for opplæringa
- Individuell ferdigheitstrening skal prioriterast.
- Spelarane vil ha utbytte av å terpe på instruksjonsmomenta.
- Spel på små områder med få spelarar på laget.
- La kreativiteten hos den enkelte spelar få stor plass.
- Styr ikkje spelet for mykje - hugs spelarane har også idéar. Still ofte spørsmål.
- Ein bør jobbe med haldningar til treningsregler, treningsvanar, sjølvdisiplin, hjelpsemd, samarbeid og oppmuntring.
Organisering av trening
Treninga sin lengde ca. 90 minutt.
- Øving av individuelle ferdigheiter knytta til 1A og 1F.
- Øving av relasjonelle ferdigheiter knytta til 1A, 2A, 1F og 2F
- Spel med oppfølgjing av individuelle/relasjonelle moment.
Alle i aldersgruppa skal gjennomgå øvingar knytt til NFF sitt teknikkmerke: http://www.fotball.no/sogn_fjordane/t2.asp?p=71707
Lagorganisering
- Alle spelarar spelar tilnærma like mykje.
- Alle skal prøve seg på ulike posisjonar.
- Alle er forsvararar/angriparar alt etter kva lag som er i ballbesittelse.
- Laga skal spele i tre ledd og må dermed opptre med ein viss struktur, men det individuelle og relasjonelle dimensjonen er overordna alt – også i kamp.
UNGDOMSFOTBALLEN 13-19 ÅR
Overordna mål for ungdomsfotballen :
Hafslo IL Fotball skal leggje best mogeleg til rette for å hindre fråfall frå fotballen. For å nå denne målsetjinga er differensiering eit avgjerande verkemiddel.
Alle laga i vår klubb skal leiast av minimun ein hovudtrenar, ein medtrenar og ein lagleiar.
Hafslo IL Fotball har som mål å skape ei interesse og eit miljø som gjer at flest mogeleg vel fotballen som primær fritidsaktivitet.
Hafslo IL Fotball ynskjer å utvikle spelarar med gode individuelle ferdigheter, speleglede, gode haldningar og god lagmoral.
Hafslo IL Fotball skal gje alle som vil spele fotball eit godt tilbod, uansett ferdigheitsnivå.
Krav til trenarane :
- Alle trenarar må setje seg godt inn i klubben sin sportsplan, og rette seg etter denne.
- Trenarane skal delta på trenarforum.
- Trenarane i ungdomsfotballen skal ha trenar 1-utdanning (opp til 14-årsklassa) og trenar II-utdanning (frå 15 år og oppover), eller gjennomføre dette i løpet av kontraktsperioden.
- Trenarane skal bidra til at det blir skapt gode haldningar til det å trene.
- Trenarane skal bidra til Fair Play.
Aldersgruppa 13 - 14 år
Spelform i kamp er 11’ar og/eller 7’ar-fotball.
Generelle føringar:
Målsetjing: Skal vere sosialt og lystprega, og leggje til rette for å utvikle
spelarane sine individuelle ferdigeheiter best mogeleg.
Sesong: Heile året.
Treningar: I utgangspunktet 2 –5 gonger felles pr. veke pluss kamp. Ynskjer spelarane
å trene oftare/sjeldnare skal klubben leggje til rette for det. Spelarane skal
oppfordrast til å drive medviten eigentrening i tillegg til fellestreningane.
Kamper: Deltek i ordinært seriespel. Alle spelar.
Cupar: Laga kan delta i cupar innafor gitte økonomiske rammer.
Haldepunkt for opplæringa
Framleis størst vekt på individuell og relasjonell ferdigheitsutvikling.
- Innføring av ferdigheiter og kunnskapar omkring offensiv og defensiv struktur.
- Spelarane skal vere i stand til oppfatte og gjenkjenne dei romtilhøva som eksisterer i fotballspelet: Bakrom, mellomrom, framrom, rom motsatt, rom innad i eit ledd, ”sitt” rom, medspelar sitt rom etc etc – og dei skal vere i stand til å skape og utnytte desse romma, både med og utan ball.
Aldersgruppa 15 - 16 år
Sportslege og sosiale målsetjingar
I denne aldersgruppa står differensiering og ferdighetslikhet svært sentralt i vår fotballaktivitet. Med dette meiner vi at største delar av treningane er organiserte slik at øvingane blir gjennomført med tilnærma ferdighetslikhet mellom spelarane. Dette sikrar raskare individuell framgang og best ferdighetsutvikling på alle nivå som igjen er sentrale føresetnadar for å auke sjølvtillit og motivasjon. På denne måten ynskjer vår klubb å bidra til at spelarane i ungdomsfotballen blir værande i fotballmiljøet lengst mogleg. For å seie det enkelt, så spelar dei som er på same nivå mest mulig saman.
Generelle føringar:
Målsetjing: Skal vere sosialt og lystprega, og leggje til rette for å utvikle spelarane sine
individuelle ferdigeheiter best mogeleg.
Sesong: Heile året.
Treningar: I utgangspunktet 3 –5 gonger felles pr. veke pluss kamp. Ynskjer spelarane
å trene oftare/sjeldnare skal klubben leggje til rette for det. Spelarane skal
oppfordrast til å drive medviten eigentrening i tillegg til fellestreningane.
Kamper: Deltek i ordinært seriespel. Alle spelar.
Cupar: Laga kan delta i cupar innafor gitte økonomiske rammer
Hafslo IL Fotball sin sportsplan gjeld for perioden 2009-2013, men skal reviderast kvart år innan utgangen av november månad. Forslag til endringar i sportsplanen, må leverast leiar i fotballgruppa innan utgangen av oktober kvart år for å bli behandla.