BUL sprint
Marthe gjekk BUL sprinten
Telenor karusell
48 unge langrennsløparar trossa kulda og stilte opp på Telenor karusell i dag!
Vedlagt finn de resultata!
Terminliste for langrenn sesongen 2011/2012
Vedlagt ligg link til terminlista for langrenn sesongen 2011/2012
Skisamling på Beitostølen
32 stykker med stort å smått var samla på Beitostølen helga den 25. - 27. novembermber. Hega starta med storm og ruskever, og vi var ikkje komne lenger enn til kaien på Mannheller før utfordringane meldte seg. Der var det berre ei ferje i drift, og køane vart lenger og leeeeennnngggger! Dei fleste måtte venta i over 2 timar før dei kom over til Fodnes! Familinen Sekse var lengst framme i køen og kom seg over Filefjell utan problem. Dei andre møtte ny hindring på Borlaug der dei fekk melding om stengt veg! Problemet var trailarar utan kjetting som stod fast på grunn av glatt veg over fjellet. Alle kom seg over, og Famiilien Oklevik var dei siste som ankom hytta i 24 tida trøtte og leie etter ein lang og strevsom tur med mykje venting.
Den største hytta var stor og fin med god plass. Så stor at ungane fann på at dei kunne leike boksen går inne! Helga vart lagt opp med ei treningsøkt på fredag, to økter laurdag og ei økt søndag før heimreise. Dei yngste, 2002 - 2005, hadde siste økta på laurdagen i badet på Helsesportsenteret. Laurdagen vart avslutta med pizza, qviz, spel og aking.
All mat vart ordna felles i den store hytta, og innkjøp, tillaging, eting og oppvask gjekk smidig og greitt.
Vi hadde fint ver med litt snø og vind, men heilt greie skiforhold. Ungane kosa seg i lag både på ski og i den store hytta. Vi var alle enige om at hyttene må leigast og til neste haust!
Tidtaking på onsdagar
Onsdagcup onsdag 4. januar kl. 17.30!
Langrennsgruppa starta opp med tidtaking for store og små. registrering kl. 1730!
Det vert langrennstrening for aldersgruppa 2001 og eldre på Heggmyrane tysdag 3. januar kl. 18.00! Friteknikk!
Torsdagar klassisk til same tidspunkt!
Laget har skismøring og smøretips til dei som treng!